Hamna i slåstkamp med dørvakt
I lepsøyområdet blei ein ung mann tatt, rusa bak rattet, i Os sentrum blei menn i både 20- og 40-årsalderen sendt heim.
I 1.30-tida blei ein mann i 20-åra stoppa i lepsøyområdet.
Han skal i forkant ha køyrd utfor og skadd bilen.
Politiet mistenkte han for ikkje å ha vore edru og har tatt beslag i førarkortet.
Slo dørvakt
Klokka 2 fekk dei melding om bråk og knust bilrute utanfor ein utestad.
– Ein mann i 40-åra blei fjerna frå staden, opplyser politiførstebetjent Christine Grindstein.
Ifølgje innehavar på utestaden har gjesten slått ein dørvakt. Vakten skubba vedkomande vekk, og han gjekk rett i ei bilrute, som knuste.
– Vi fekk han i bakken og sat på vedkomande til politiet henta han. Alt står fint til med vakten, fortel dagleg leiar ved utestaden.
To yngre bråkmakarar
Ein time seinare var det to andre som lagde bråk.
– Dei er i 20-åra og fekk begge pålegg om å halda seg vekke frå Os sentrum resten av natta, fortel Grindstein.