Halvér debuterte på A-laget
Olsen blei skadd og Os tapte: Emil Halvér fekk ikkje den kjekkaste kampen å debutera i.
Heime vann Os 6-2 over Åkra, i dag blei det 3-0-tap.
– I dag var vi for dårlege og tapte for eit betre lag, seier Tore Nielsen.
– Vi var bestemt på å vera aggressive frå start, men sleppte tidleg inn to mål som eg synest var for enkle.
Åkra - Os 3-0 (2-0)
– Vi hadde to gode sjansar i første omgang og Roar hadde ein fin lobb over keeper i 2. omgang. Då blei han takla stygt av keeper, litt rart at vi ikkje fekk straffe.
Ikkje berre blei det tap, Os-angripar Christer Olsen blei skadd i ein hard duell.
– Eg trudde det var motstandaren som blei skadd i duellen, men det var Christer som måtte av banen. Han var veldig opphovna i rista, vi får håpe at han ikkje blir ute lenge.
Os: Anders Kloven - Håvard Grøteide, Børge Borgen, Mats Lepsøe, Torkel Hjertnes - Stian Lunde, Preben Borgen, Roar Vestbø, Håkon Kvittingen - Egil Thuen, Christer Olsen.
Emil Halvér, som kom frå Odda og har gjort det godt for gute- og juniorlaget til Os, og seinare Os 2, fekk Alag-debuten sin då han kom innpå det siste kvarteret i dagens bortekamp.
– Emil klarte seg bra, synest Nielsen.
Os speler neste kamp heime mot Vardenesen laurdag om ei veke (kl 15). Os slo Vardeneset 3-2 borte i vår.