Halleraker og Søviknes rir igjen
Lesarinnlegg: I BT sist torsdag er parhestane Øyvind Halleraker og Terje Søviknes ute med ein konspirasjonsteori som det er grunn til kommentera.
På nytt vert det trua med at val av indre trasé for E39 mellom Stord og Bergen kan medføra at nyvegen mellom Rådal og Svegatjørn ikkje vert realisert. Den same uroa vart framført før og under Os kommunestyret si behandling av trasévalet i februar, trass i at det vart opplyst frå Samferdsledepartementet under møtet at det ikkje var tale om noko kopling mellom desse to vegprosjekta.
I Nasjonal Transportplan som regjeringa la fram i april er nyvegen mellom Os og Bergen teken med utan at det ligg føre nokon referanse til storprosjektet ferjefri E39. Traséval for strekninga Stord-Bergen er ikkje gjort fordi Samferdselsdepartementet meiner at vedtaksgrunnlaget ikkje er godt nok.
Halleraker seier til BT at Senterpartiet synest å villa pressa gjennom indre trasé, og at dette i så fall er stikk i strid med vegvesenet sitt syn.
Til det er å merka at også Halleraker (Høgre) og Søviknes (Frp og ordførar i Os) går inn for ein trasé som ikkje samsvarar med vegvesenet si tilråding.
Eit samrøystes kommunestyre uttalte i februar at bru frå Reksteren til Søre Øyane er heilt uakseptabel for Os kommune. Høgre i Hordaland og statsministerkandidat Erna Solberg har seinare sagt seg samd med kommunestyret, og går inn for ei bru mellom Reksteren og Bjørnatrynet med vidareføring med motorvegen i tunnel fram til Moberg.
Dette alternativet er ikkje tilrådd av vegvesenet og er ikkje utgreidd, korkje teknisk eller økonomisk.
Kalkylen for ein slik trasé vil bli fleire milliardar dyrare enn den vegvesenet har tilrådd. Dermed kan den omdiskuterte modellen for samfunnsrekneskapen som professor Victor Norman har presentert, fort kunna syna seg å få indre trasé som det aller beste alternativet.
Det er underleg at Halleraker og Søviknes held fram med å nytta vegvesenet si tilråding som gullstandarden, når ingen av dei eigentleg ønskjer at den traseen vegvesenet går inn for, skal bli realisert.
Argumenta for ny veg mellom Os og Rådal står på eigne bein.
Gong på gong uttrykkjer Samferdsledepartementet – seinast i BT sist torsdag – at dette vegprosjektet er uavhengig av traséval for E39. Endeleg vedtak om dette ventar berre på ein reguleringsplan frå blå-blå styrte Bergen om plass for overskotsmassar frå tunnelane mellom Rådal og Svegatjørn.
Egil H. Haugland