Hærverk i barnehage
– Grillhytta er base for den eine avdelinga vår i desse koronatider, seier dagleg leiar.
- Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her
Torsdag morgon blei dei tilsette møtt av koks og sot i og rundt grillhytta ved entreen til Flåten Naturbarnehage.
Uvedkomande har brukt grillhytta onsdag kveld eller natt til torsdag, og det har sett sine spor.
– Grillen ser skadd ut, trekket til grillen er svidd og øydelagt, og dei har brent opp nokre barnebøker som sto i hytta, fortel eigar og dagleg leiar, Liv Lindtvedt Søfteland.
– Det er òg kasta grus i grillen, denne er svidd fast. Eg veit ikkje om vi får grillen rein og i drift igjen.
Ein viktig del av barnehagen
Flåten Naturbarnehage har 34-35 plassar. Den første veka med open barnehage etter koronastenging var det mykje fråvær, førre veke var det fleire tilbake og denne veka er nesten alle på plass igjen.
Grillhytta var ny i 2016, og har plass til ei god gruppe med born.
– Vi har normalt to avdelingar. Som smitteverntiltak har vi no ei rein uteavdeling som bruker grillhytta som base, blant anna til frukost. I dag må dei eta frukosten på benken nede ved barnehagen. Heldigvis er det opphaldsvêr.
– Saka er meldt og politiet har vore her. Eg veit ikkje kven som har tatt seg til rette her, men om det er ungdom så har kanskje foreldra kjent lukta av bål etter at dei kom heim, og kan ta ein prat med dei. Kanskje dei vil koma og be om unnskyld eller ordna opp etter seg.