Lokal | 02. jan. 2013

Hærverk denne jula òg

– Eg vil få takka pøblane for at vi fekk ha julelysa i fred så lenge, nesten heile jula, seier Geir Amundsen.

Hærverk denne jula òg
Juletreet i Os sentrum har ikkje lys lenger. Årsaka er hærverk. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. jan. 2013 13:50

I 2010 gjekk vandalar laus i Os sentrum og øydela all julebelysning fleire veker før jul.

I 2011 var det begrensa med pynt, i år kom snorene på tvers av gatene opp igjen.

– Bortsett frå lenkja frå Oshjørnet og over til Drageset Varhus så er det framleis lys i alle. Snora er nok anten ein teknisk feil på, elles så har ein lastebil vore oppi.

– Men verre er det med julegrana, der har nokon vore og øydelagt lysa, seier leiar for Os Sentrumsforening, Geir Amundsen.

– Leidningen til lysa er klipt rett av, dette er hærerk, ikkje vind eller uhell, fortel han.

Amundsen er skuffa, men samtidig glad for at det ikkje skjedde før. Lysa blei øydelagt ein gong i romjula.

– Det er vanskeleg å gjera noko med sånn vandalisme, dessverre.

– Men eg vil takka pøblane for at pynten fekk henga så lenge, seier han og ristar på hovudet over dumskapen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.