Lokal | 08. des. 2017

Hadde knivar og softgun med seg på bussen

Mann pågripen etter melding om «avsagd hagle» på buss frå Bergen til Os.

Hadde knivar og softgun med seg på bussen
Mannen blei pågripen utan dramatikk, kort tid etter at han gjekk av bussen på Os terminal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. des. 2017 10:05

Klokka 01.10 natt til fredag fekk politiet melding om mann med våpen om bord på buss frå Bergen til Os.

– Han var aldri trugande. Det han hadde av våpen var i ein bag, men dei skal ha vore synlege for passasjerane og naturlegvis skapt ei ubehageleg og pressa stemning på bussen, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Mannen gjekk av bussen på Os terminal og blei pågripen utandørs, i nærleiken av terminalen, klokka 01.41. Pågripinga skjedde også utan dramatikk.

– Han hadde softgun og knivar i bagen. Det at han både har vore på offentleg stad og tatt offentleg transport med våpen gjer at han blei køyrd i arresten.

– Kva var det som blei oppfatta som avsagd hagle?

– Den eine softgun-en var ein som han har bygd sjølv. Den kan ha sett ut som eit grovare våpen.

Vedkomande er ein mann i 30-åra frå Os. Han har gjeve ei førebels forklaring og skal i nytt avhøyr i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.