Sport | 21. sep. 2013

Hadde full kontroll

Osdamene hadde full kontroll då dei tok imot Voss i Oshallen laurdag. No ventar cup-kamp mot 1.divisjonslaget Sola tysdag.

Hadde full kontroll
Emilie Halhjem blei stoppskårar med 8 mål (foto: Wim Hetland)
Andris Hamrelaurdag 21. sep. 2013 19:23

Bildeserie:

Marte Øvreeide og Madeleine Hjertnes (foto: Wim Hetland)
Marte Øvreeide og Madeleine Hjertnes (foto: Wim Hetland)
Madeleine Hjertnes (foto: Wim Hetland)
Madeleine Hjertnes (foto: Wim Hetland)
Silje Martine Årseth (foto: Wim Hetland)
Silje Martine Årseth (foto: Wim Hetland)
Line Hjelle Berentsen i skotet (foto: Wim Hetland)
Line Hjelle Berentsen i skotet (foto: Wim Hetland)
Vibeke Ingebrigtsen (foto: Wim Hetland)
Vibeke Ingebrigtsen (foto: Wim Hetland)
Madeleine Hjertnes (foto: Wim Hetland)
Madeleine Hjertnes (foto: Wim Hetland)
Silja Lunde Espelid (foto: Wim Hetland)
Silja Lunde Espelid (foto: Wim Hetland)
Marte Øvreeide (foto: Wim Hetland)
Marte Øvreeide (foto: Wim Hetland)
Irene Tangerås (foto: Wim Hetland)
Irene Tangerås (foto: Wim Hetland)
Line Hjelle (foto: Wim Hetland)
Line Hjelle (foto: Wim Hetland)
1 av 10

Det var klasseforskjell på nyopprykka Voss og Os som har kjempa i toppen av kvinnene sin 2. divisjon dei siste sesongane. Til pause leia Os med 10 mål.

– Vi speler ein veldig god 1. omgang. Litt texas dei første 10 minutta, men med eit aggressivt forsvar leia av Emilie Halhjem (tidlegare Hjertnes) og eit skjerpa angrepsspel gjer at vi rykkjer frå, fortel Ostrenar Torbjørn Bøthun.

Osdamene har god kontroll og slepp aldri Voss til i kampen. Det gode forsvaret gjer at Os kan kontra inn det eine målet etter det andre.

Lar mange prøva seg

I andre omgangen slepp Bøthun dei som vanlegvis brukar mykje av tida på benken til på parketten.

– Det er viktig at også dei får kjenna på nivået og kva som krevs.

– Vi testar ut fleire kombinasjonar og lar spelarane få ro og tillit.

– Eg er ikkje misnøgd med prestasjonane, men eg liker ikkje den måten vi slepp oss ned på nivået til Voss.

– Serien er så jamn at ein lyt vera skjerpa heile vegen, analyserar Bøthun.

Han er heller ikkje heilt nøgd med vala spelarane gjer i angrep. I staden for å spela kollektivt gjer spelarane ting på eige hand.

– Det gjer at det blir litt tidlege avslutningar på for dårlege sjansar.

Gler seg til Sola

Allereie tysdag er det ny kamp for Osdamene då dei tek imot 1. divisjonslaget Sola i 3. runde i cupen.

– Vi gleder oss stort til å ta imot Sola.

– Om vi får like god støtte frå tribuna som vi gjorde då vi slo Fana kjem dette til å bli vannvittig gøy.

– Sola er favorittar, men eg kan lova at jentene er klare og kjem til å gje alt for å ta ein ny skalp, avsluttar Bøthun.

Kampen går tysdag klokka 18.00.

Os - Voss 32-25 (18-8)
Utv: Os 1 x 2 min
Os sitt lag: Irene Tangerås (4), Madeleine Hjertnes (4), Silje Martine Årseth (3), Emilie Halhjem (8), Maria Stangeland Lunde (2), Hilde Kristine Røttingen (1), Line Hjelle Berentsen (3), Vibeke Ingebrigtsen, Silja Lunde Espelid (1), Elise Hjelle (3), Vilde Fyllingen (1), Stine Færøvik, Hanne Sørstrønen, Marte Øvreeide (2)

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.