Lokal | 20. mai 2015

Gutar som leikeressurs

Vellykka prøveprosjekt: Gutar frå ungdomsskulen i jobb i barnehagar.

Gutar som leikeressurs
Magnus måtte koma og sjå på sneglefarmen til førskuleborna. Det er stor stas med ungdomsskulegutar i barnehagen. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandonsdag 20. mai 2015 12:13

Bildeserie:

Fredrik, Andreas, Ola og Magnus er 4 av dei 30 gutane som har fått prøvd seg som barnehagetiilsett. (Foto: KML)
Fredrik, Andreas, Ola og Magnus er 4 av dei 30 gutane som har fått prøvd seg som barnehagetiilsett. (Foto: KML)
1 av 1

Ungane er i ekstase når Midtsiden besøker Søre Øyane Naturbarnehage tysdag. Årsaka er fem litt større gutar som er med dei i leiken.

Gutane, frå 8. trinn på Nore Neset ungdomsskule (og to frå 9. trinn som er på utplassering denne veka), har i fleire veker brukt to timar kvar tysdag til å vera i barnehage. Fredrik, Ola og Andreas er i Skeisbotn barnehage, mens Børge og Magnus har fått jobb i Søre Øyane.

– Vi måtte skrive søknad før jul og barnehagen plukka ut dei som fekk jobben.

For det er ein skikkelig jobb gutane har fått, dei får løn og etter at dei er ferdig så får dei sluttattest.

– Dette er Fylkesmannen sitt prosjekt «ungdomsskulegutar som leikeressurs», fortel Kjersti Ellingsen, styrar i Søre Øyane Naturbarnehage.

Kommunen søkte om midlar til å vera med på prosjektet og fire av barnehagane i kommunen blei trekt ut til å vera med. I tillegg til Søre Øyane og Skeisbotn så er Espira Kuventræ og Os barnehage med på prosjektet. Dei to siste har elevar frå Os ungdomsskule.

Fekk bakoversveis

15 gutar har vore med på første pulja, som varer i 7 veker, før 15 nye gutar no har fått prøva seg i arbeidslivet i barnehagen.

– Det er veldig gøy å få erfaring og å tena pengar.

– Og så har eg fått vore med og løyst problem eg aldri har tenkt at barnehageborn har, fortel ein av gutane.

Tanken bak prosjektet er å visa dei kva det går ut på, og på sikt rekruttera fleire gutar til barnehageyrket.

– Det har gjeve meg meir respekt for dei som jobbar i barnehage.

– Eg fekk bakoversveis eg, det var jo faktisk litt tungt. Eg trudde dei vaksne berre gjekk rundt og sulla, seier ein annan av ungdomane.

Ungane gler seg til dei kjem

Det er tydeleg at prosjektet har hatt ein effekt på gutane, fleire av dei fortel at dei kan godt tenka seg å arbeida i barnehage når dei blir vaksne.

Prosjektet har ikkje berre positiv innverknad på ungdomane, borna i barnehagen gler seg stort til dei kjem kvar veke.

– Det har vore kjempepositivt, ungane gler seg og gutane er fulle av energi og leikar med dei heile tida, fortel Kjersti.

– For enkelte born så kan store gutar virka litt skummelt, men no slepp dei å kvi seg for dei ser at dei er så greie gutar.

Gode rollemodellar

Kjersti og dei andre håper på å halda fram med prosjektet neste år og det er søkt om vidare prosjektmidlar.

Då blir det dei same barnehagane som er med i prosjektet før nye barnehagar blir med etter det.

Så i haust kan gutane som allereie har vore tilsett søkja arbeid på nytt, og nye gutar kan få prøva seg.

– Ungdomane er gode rollemodellar for ungane, og det er kjekt å kunne fortelja foreldra kor flott ungdom dei har.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.