Gutar skadd i mopedulykke
To ungar blei søndag skadd i ei ulykke på Søre Neset. Ein av dei er berre 7 år gamal.
Ambulanse, brannvesen og politi har rykt ut til Søre Neset.
– To ungar på 16 og 7 år er skadd i ei mopedulykke, fortel politiet via twitter.
Ulykka skjedde ved undergangen mellom Lunde og Haugland, under E39 Halhjemsvegen.
OPPDATERT:
– Dei to personane er gutar på 16 og 7 år, dei skal ikkje vera søsken, seier politibetjent Rune Fimreite.
16-åringen blei frakta til sjukehus med luftambulanse, 7-åringen med ambulanse.
– Det er uklart kva som er årsaka til ulykka, og om begge har sete på mopeden.
– Sånn det såg ut på ulykkesstaden er dei to lettare skadd, men skadeomfang får vi først stadfesta når dei to har vore til undersøking på Haukeland, seier Fimreite.