Lokal | 24. mai 2013
Gut tatt i 138 km/t
Ein 18 år gamal osing må sona 18 dagar fengsel etter ein litt for rask biltur i Bergen.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. mai 2013 08:39
Tysdag 15. januar blei ein bilist målt i 138 km/t i 80-sona på Fritz C. Riebers veg i Bergen.
Politiet brukte gjennomsnittsmåling og bilførar, ein 18 år gamal gut frå Os, aksepterte målinga, men la til i si forklaring at dette skjedde på kvedstid, på tørr veg med lite trafikk.
Nordhordland tingrett dømte den unge sjåføren til 18 dagar fengsel og tap av førarretten i 8 månadar.
Domfelte tok betenkingstid.