Lokal | 03. jan. 2016

Gut mistenkt etter brann i busskur

Ein gut er mistenkt etter to branntillaup ved Amfi og Gymnasvegen.

Gut mistenkt etter brann i busskur
Politiet rykte ut til AMFI Os etter brann i busskuret på motsett side av senteret. (bilde: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 03. jan. 2016 09:22

Laurdag klokka 19.23 fekk politi og brannvesen melding om at bosspannet i busskuret nærmast rundkøyringa ved Amfisenteret sto i full fyr.

– Brannen var sløkt av publikum før vi kom fram. Dei hadde brukt vatn og cola dei hadde i bilen, fortel Anne Kjersti Storebø frå Os brannvesen.

Ein gut som blei observert i nærleiken blei mistenkt og politiet rykte ut til staden.

To branntillaup

Politiet tok hand om vedkomande, ein 16-åring, og kontakta mora.

– Ein patrulje frå Fana rykte ut og reiste heim på adressen for samtalar med guten og mora, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Frode Kolltveit.

Det var òg observert restar etter branntillaup i tørt gras ikkje langt frå busskuret, retning Gymnasvegen.

Guten er mistenkt for å ha tent på begge.

Kontrollerte 54 bilar

I tillegg til UP sin trafikkontroll i Os sentrum laurdag var Os lensmannskontor på Byvegen på Søfteland.

– Dei sto langs E39 ved Søfteland skule frå klokka 9.52 til 11.

– Det blei testa for promille og 54 bilistar blei kontrollert. Alle var edrue, fortel Kolltveit.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.