Lokal | 07. feb. 2016
Gustav Bahus gjenvald
Gustav Bahus blei laurdag gjenvald som fylkesleiar for Frp.
Andris Hamresundag 07. feb. 2016 09:26
Fleire av dei politiske partia har denne helga fylkesårsmøter. På hotel Edvard Grieg på Sandsli har Frp samla troppene.
Laurdag ettermiddag blei val til fylkesstyret gjennomført og Gustav Bahus blei einstemmig gjenvald for to nye år.
– Eg er ydmyk og takkar for tilliten. Eg er stolt over å få vera med å utvikla Hordaland vidare, seier Bahus i ei pressemelding.
Gustav Bahus blei først gang vald som fylkesleiar i 2014, då han tok over leierstolen frå Gunnar Bakke som då hadde hatt vervet i 10 år.
Bahus sit òg på fylkestinget, i Os kommunestyret og er leiar av plan- og bygningsutvalet i Os.