Gunslingers til Nore Neset
Gunslingers tjuvstartar jubileumsår med konsert på Nore Neset lille nyttårsaften.
Bandet frå Tørvikbygd i Hardanger har blitt eitt av dei største banda i Noreg innan sjangeren pop-country. Lille nyttårsaften blir dei headliner når Osfest/Os Live inviterer til den etterkvart så tradisjonsrike romjulsfesten.
– Vi er utruleg glade for å ha fått Gunslingers til Os. Dei er dei leiande innan sin sjanger. I fjor hadde vi suksess med Mighty Mignolias, Byting og Rotlaus. I år tek vi det vidare med Gunslingers, fortel Tor Egil Hylland i Osfest(Os Live.
Konserten blir som tidlegare i Nore Neset Aktivitetshus 30. desember. I år er det også samkøyrd med bluesfesten på Peppes, som blir 29. desember.
– Dermed kan folk få med seg to flotte arrangement, i staden for å måtte velja eitt av dei.
Feirar ti år
I 2018 har Gunslingers 10-årsjubilem, dei har halde fleire hundre konsertar rundt omkring, på alt frå små hotell og samfunnshus til dei siste åra å ha vore headliner på mange av landets største festivalar.
– Gunslingers har på desse åra danna eit veldig godt samspel mellom musikarane og med sitt høge energinivå på konsertane skapar bandet ein uforklarlig kjemi og stemning mellom publikum og bandet. Musikken deira fungerar for alle aldrar og i alle krinsar, seier Hylland.
Songane er på Hardangerdialekt med ein god dose humor og titlar som Ein Skål Te, Viagra Biff og Bernaise og Hiakktreff på Osterøy.
To band til
Hylland fortel at lille nyttårsaftenfesten blir etter same lest som i fjor.
– No har vi headlineren på plass, men det blir som ein minifestival også i år. Det kjem til å komma to band til, men det er inga grunn til å vente med å sikra seg billett. Dei er allereie lagt ute for sal, avsluttar Hylland.