Næringsliv | 19. mars 2012

Gullklokke til Kolskogen

Trufast frå start: Randi Kolskogen var berre 13 år då ho byrja i butikkbransjen. No har ho blitt heidra med velfortent gullklokke.

Gullklokke til Kolskogen
Randi Kolskogen blei tildelt gullklokka av butikksjef Jahn-Ingolf Lyssand. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 19. mars 2012 20:40

Ho rakk verken fyll 39 eller 40 år, Randi Kolskogen, før ho hadde 25 år fartstid i same jobb. No har Randi fått gullklokke for lang og tru teneste.

–Randi blei tilsett i Drageset-konserten så tidleg som i 1986. Ho starta karriera i Industrivegen, som på folkemunne den gong blei kalla "grustaket", fortel butikksjef i det som i dag er Meny, Jahn-Ingolf Lyssand.

23 år og butikksjef

Randi var berre 13 år då ho byrja å jobba for Drageset etter skuletid. Allereie då ho var 21 blei ho assisterand butikksjef, to år seinare blei ho sjef, men då i Studalen.

– Jarle og Paul Drageset satsa mykjee på ungdomen, gav dei tillit og lét dei prøva seg i ansvarskrevjande jobbar, fortel Lyssand.

– At ho pendla til Studalen kvar dag viser litt av den stå-på-viljen ho har, legg han til.

Framleis i leiargruppa

Kolskogen har vore butikksjef også på Haugsneset og på Knarvik. I tida 1996 til 1998 fullførte ho eksamen ved Norges Varehandelshøyskole.

– Randi har aldri vore vanskeleg å be. Ho er blid, omgjengeleg og full av gode idear - og ho held ut i eit stressande yrke.

Kolskogen er i dag del av leiargruppa i Meny Industrivegen, der det heile starta.

Gullklokka fekk ho på Meny sitt julebord på Kafé Ole B i desember.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.