Sport | 06. aug. 2015

Gull-Sofie!

Sofie Evensen (13) vann gull i rekrutt-klassa under Landsskytterstemnet torsdag! Skaut seg opp frå 14. plass.

Gull-Sofie!
Sofie Evensen jubla over gull i rekrutt-klassa under landsskytterstemnet på Lesja (skjermskot frå live-sendinga til landsskytterstemnet)
Andris Hamretorsdag 06. aug. 2015 11:57

Bildeserie:

Sofie såg ut til å ha nervane under kontroll på veg inn på standplass (skjermskot frå live-sendinga til landsskytterstemnet)
Sofie såg ut til å ha nervane under kontroll på veg inn på standplass (skjermskot frå live-sendinga til landsskytterstemnet)
Ho var spent då ho fekk sjå kor skota satt under anvisinga (skjermskot frå live-sendinga til landsskytterstemnet)
Ho var spent då ho fekk sjå kor skota satt under anvisinga (skjermskot frå live-sendinga til landsskytterstemnet)
Sofie kunne jubla over sigeren før siste serien var ferdig anvist (skjermskot frå live-sendinga til landsskytterstemnet)
Sofie kunne jubla over sigeren før siste serien var ferdig anvist (skjermskot frå live-sendinga til landsskytterstemnet)
Då kom tårane (skjermskot frå live-sendinga til landsskytterstemnet)
Då kom tårane (skjermskot frå live-sendinga til landsskytterstemnet)
Sofie blei bore på gullstol til sigerspallen av vinnar i eldre rekrutt, Anita Bjørkedal og storesøster Amalie (skjermskot frå live-sendinga til landsskytterstemnet)
Sofie blei bore på gullstol til sigerspallen av vinnar i eldre rekrutt, Anita Bjørkedal og storesøster Amalie (skjermskot frå live-sendinga til landsskytterstemnet)
Ei bli gull-jente på pallen (skjermskot frå live-sendinga til landsskytterstemnet)
Ei bli gull-jente på pallen (skjermskot frå live-sendinga til landsskytterstemnet)
1 av 6

Først gjekk storesøster Amalie Evensen ut på skive 1 i klassa for eldre rekutt og skaut seg inn til ein sterk 5. plass. Medan storesøster sto på premiesermonien var lillesøster Sofie i sving på 100 meter banen i den yngste klassa på landsskytterstemnet.

Sofie låg på skive 14 med 249 poeng, eitt poeng bak dei fem skyttarane som hadde fylt blinken med 250 poeng i den innleiiande skytinga.

Heldt nervane under kontroll

Ungjenta heldt nervane under kontroll og prikka inn den eine 10-aren etter den andre. Heile sju av dei i sentrum!

Som for storesøstra blei det ei nervepirrande ventestund medan skivene til dei 25 skyttarane blei anvist, men det heldt heilt inn. Ingen av dei andre klarte å straffe Sofie sin serie på 10.9, 10.3, 10.8, 10.0, 10.6, 10.7, 10.2, 10.9, 10.8 og 10.7.

Med tårane rennande nedover kinnet av glede var det ikkje mykje stadionspeaker Jørn Larsen fekk ut av gull-jenta.

– Er du glad no, undra Larsen.

– Veldig, var det einaste Sofie klarte å svara, før ho innrømma at ho hadde høg puls.

Første på 45 år

Sofie Evensen er den første i Os skyttarlag som står øverst på pallen i landsskytterstemnet sidan Else Eidsvik blei prinsesse i 1970!

Fredag får ho sjansen til å gjera bragden enno større då ho skyt felt-finale frå klokka 10.

Løfta på gullstol

På premieutdelinga rett etter, ei premieutdeling som førøvrig blei leda av ein anna osing, generalløytnant Morten Haga Lunde, blei gull-Sofie bore på gullstol opp på pallen av storesøster Amalie og vinnar i eldre rekrutt, Anita Bjørkedal frå Sartor skytterlag.

I tillegg til å vinna medalje og Raufoss-pokalen gav sigeren til Sofie ei gåve til Os skyttarlag. Frå Sig Sauer fekk skyttarlaget eit nytt våpen.

– Det kan Os skyttarlag nytta til å få fram enno fleire unge dyktige skyttarar, kommenterte hovudspeaker Tor Idar Aune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.