To gull på to forsøk
Oppdatert: Før jul vann han NM allround for første gong, i dag tok Sverre Lunde Pedersen gull på både 1500 og 5000 meter i NM enkeltdistansar.
Sverre, som måtte stå over EM andre helga i januar grunna sjukdom, ser ut til å vera pigg og lett igjen.
I helga går NM enkeltdistansar i Vikingskipet og Lunde Pedersen, som vann 3 av 4 distansar og stakk av med sitt første NM-gull i allround, var suveren på 1500 meter.
Sverre gjekk i niande og siste par mot Håvard Bøkko.
Bøkko klarte å slå Sindre Henriksen, som med 1.49,58 hadde beste tid før siste par.
Mens Bøkko gjekk på 1.49,31 suste Sverre i mål på 1.47,84.
Dermed fekk Fana 2 av dei 3 på pallen, ein og ein halv osing i toppen.
Håvard Holmefjord Lorentzen er tilbake frå den stygge kuttskaden og gjekk i mål på 5. beste tid, 1.50,67 (Simen Spieler Nilsen på 4. plass med 1.49,99)
Suveren også på 5000 meter
I ettermiddag gjekk 5000-meteren.
Lunde Pedersen gjekk mot Bøkko i nest siste par. Simen Spieler Nilsen (6.45,72) og Sindre Henriksen (6.47,36) hadde dei beste tidene før Sverre og Håvard hadde gått.
Bøkko gjekk i mål på 6.36,24, Lunde Pedersen på 6.25,66.
Thomas H. Søfteland og Ole B. Næss i siste par gjekk inn på 3. og 4. plass med 6.37,23 og 6.42,10.
Sverre skal ikkje gå 10.000, men 1000 meter søndag.
Neste helg er det verdscup i Stavanger. Midtsiden arrangerer, saman med Travelnet Os Reisebyrå, tur til Stavanger og reiser i selskap med over 20 osingar. Har du overnattingsplass så har vi plass i bussen og nokre inngangsbillettar til overs.