Gull og bronse til Os
Erik Tysse vann både 10 km og 20 km i NM i kappgang i helga. Joakim Sælen fekk bronse, ny personleg rekord og var nær på å klara EM-kravet.
I helga blei NM i kappgang arrangert.
Erik Tysse tok gull på 10 km laurdag og på 20 km søndag.
Veteranen Trond Nymark, som la opp i haust, kom på 4. plass på 10 km.
Joakim Sælen kom på 3. plass begge dagar, bak Håvard Haukenes som tok sølv, og søndag sette han ny pers med 1.30,16 på 20 km, som er 16 sekund bak kravet til EM for U23.
– Joakim imponerte meg. Han disponerte løpet godt og gjekk inn på ei kjempetid, seier Erling Andersen frå Søfteland TIL.
Får ny sjanse seinare i juni
Søfteland Turn- og idrettslag sto som arrangør for NM, som laurdag gjekk i Arna og søndag på Kismul.
– Vi sette opp eigen juniorklasse på 20 km for at dei unge skulle få sjanse å kvalifisera seg. Joakim får ny sjanse når han om to-tre veker går i Baltium. Eg håper han får like fine forhold som vi hadde i helga, yr og 10-12 gradar.
Erik Tysse brukte 20 km som del av ei treningsøkt, og gjekk 10 km rett før start på 20 km og heldt fram med 5 km i endå høgare tempo etter at han gjekk i mål på 20 km.
Han droppar nemleg 20 km som distanse i VM og siktar seg inn på 50 km.
Mange unge
STIL er nøgd med gjennomføringa og fortel om 12 påmeldte til årets 10 km.
– Det har lagt på rundt 12 deltakarar dei siste åra, seier Erling.
Men det var ingen kvinner med i år, og det er ein del år sidan vi ikkje har hatt startande i kvinneklassen.
– I ungdomsklassen derimot, hadde vi mange med, deltakarar frå heile landet. Det ser ut som om det gror godt rundtom i Noreg, og det er kjekt å sjå, seier Erling Andersen.
Sju ungdommar deltok på ei samling i regi av NM-arrangøren og kappgangutvalet i NFIF frå torsdag til søndag. Kjersti Tysse Plätzer var hovudinstruktør på samlinga.
Les meir om NM på friidrett.no