To gull og bronse
Kappgjengarane frå Søfteland tok to gull og ein bronse i ungdomsmeisterskapet. - Dei gjorde eit godt meisterskap, slår trenaren fast.
Årets innandørs ungdomsmeisterskap (UM) gjekk i den nye innandørshallen i Steinkjer.
- Sidan det er langt og dyrt å reisa til Steinkjer, prioriterte vi denne gongen berre kappgjengarane til UM, forklarar Einar Vevatne, friidrettstrenar i Søfteland Turn og Idrettsforening.
Gull og bronse på jentene
Kappgjengarane kvitterte med å gjera det bra, i det som blir kalla den beste innandørshallen i landet i friidrettskretser.
- På 1500 meter for jenter 15 tok Iselin Haukeland bronse med tida 10.30.
- I kvinner U23 tok Katrine Lovise Andersen gull på same distanse med tida 11.03.
- Båe jentene gjekk ned tida si med eit halvt minutt frå forrige konkurranse, skryt trenaren.
Gull til Sindre
Einaste hanen i kurven frå Søfteland var ungguten Sindre Ølness.
- Han gjekk på 6.50 på 1500 meter. Tida heldt til gull, men Sindre har gått fortare før, fortel Vevatne.
Klare for Strandebarm
I april reiser STIL til Strandebarm for å trena før utendørssesongen.
- Vi skal ha to treningar for dagen og få nytta eit fantastisk friidrettsanlegg så mykje vi vil.
- Vi er ikkje akkurat bortskjemt med det frå Os.
I tillegg til friidrettsanlegget vil gruppa disponera både hall og symjehall.
- Sidan vi har noko av noregs beste kompetanse på kappgang håpar vi å få med Strandebarm IL på nokre av kappgangøktene, avsluttar Einar Vevatne.