Gull i NHIL Cup
Nore Neset-damene fekk to utvisingar i sluttspurten i finalen, men klarte likevel å snu kampen og ta gull NHIL Cup.
Nore Neset sine handballdamer, som i vår rykte opp til 6. divisjon, deltok i helga i Nordre Holsnøy IL sin opningscup.
– Cupen er for lag frå 5. til 8. divisjon, utan handikap for dei som møtte lag frå andre divisjonar, fortel Nore Neset-trenar Jaran Gustavsen.
– Eg trur det er første gong Nore Neset deltar i denne cupen.
Puljevinnar
Nore Neset starta med å slå Tysnes 17-12 og Lyngbø 19-13.
– Så kom ein kamp som blei litt stygg, eg synest dommarane kunne lagt lista ein annan plass, seier Gustavsen om siste innleiande.
– Kampen mot Sotra enda uavgjort. Det var horribelt, vi burde vunne med 15 mål.
Men Nore Neset vann pulja og tok seg til semifinale ved å slå Sund, også det i ein kamp som bleir meir fysisk enn Gustavsen sette pris på.
– Samtidig er det på fysikken vi vinn, jentene er godt trent og det kom tydeleg fram i cupen.
Lett semi - tøff finale
Semifinalen gjekk mot vertane, og den vann Nore Neset greit med 7 mål.
– Finalen mot Lyngbø, som vi slo i innleiande runde, blei jamnare.
– Ti minutt før slutt låg vi under med fire mål. I tillegg fekk vi to tominuttarar dei siste speleminutta.
Men med éi dame mindre i store delar av siste ti tok forsvaret seg saman.
– Vi sleppte ikkje inn eit einaste mål på dei siste ti minutta, skåra 7 mål og vann kampen med 4, seier Jaran etter cup-suksessen.