Gry kjempar om finaleplass
I kveld er Gry B. Skarstein frå Os ein av fire semifinalistar i 71 grader Nord.
Då 71 grader Nord starta i august kunne naturleg nok ikkje Gry B. Skarstein frå Nore Neset seie noko om korleis turen hadde vore og korleis konkurransa hadde gått.
Men no veit vi at Gry har gjort sine ting bra og er i semifinalen med/mot Viktoria Birkeland, Steffen Falck-Antonsen, Anne Thoresen.
Dei tre jentene har vore på same lag, Lag Lindesnes, frå starten av. Berre Steffen Falck-Antonsen er igjen frå det som i starten var konkurrerande Lag Nordkapp. Mange av dei som følgjer programmet håper det, for første gang i historia, blir ein rein jentefinale. Berre tre av deltakerane kjem til finalen.
På lag med Steffen
I kveldens semifinale blir dei fire deltakerane delt i to lag. Gry skal kjempa seg gjennom den krevjande løypa saman med Steffen, medan Viktoria og Anne utgjer det andre laget.
– Semifinalen i 71 grader Nord er tradisjonelt sett eit blodslit som skal skille klinten frå hveten, seier programleiar Tom Stiansen om kveldens episode som blir sendt på TV Norge klokka 20.30.