Lokal | 28. nov. 2016

Gry er i finalen!

Gry B. Skarstein blei måndag kveld klar for finalen i 71 grader Nord.

Gry er i finalen!
Gry B Skarstein er klar for finalen saman med Steffen Falck-Antonsen og Viktoria Birkeland (foto: Matti Bernitz, TV Norge)
Andris Hamremåndag 28. nov. 2016 21:48

Saman med Steffen Falck-Antonsen skulle Gry B. Skarstein krysse Porsangerhalvøya på truger. Dei to starta på etappa ein time etter konkurrentane Anne Thoresen og Viktoria Birkeland, men hadde fordelen av å starta ein time tidlegare dag to av etappa.

Den første dagen navigerte Gry og Steffen litt betre enn konkurrentane og var eit kvarter framfor då den obligatoriske kvilen måtte takast.

– Blir kult å stå på Nordkapp

Gry og Steffen heldt unna og kom først til mål og programleiar Tom Stiansen i Ytre Sortvik og var med det klare som dei to første i finalen.

– Dette trur eg eg kjem til å bruke litt tid til å forstå. Det betyr at eg faktisk kjem til å stå på Nordkapp og det er ganske kult, sa Gry i intervjuet rett etter målgang.

Anne og Viktoria måtte ut i duell for å ta den siste finaleplassen, kor det var om å henga fast i ein stolpe over vatn. Den vann Fana-jenta Viktoria Birkeland.

Dei tre finalistane var også på lag i det siste programmet før semifinalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.