Grønare hus med Magnor
– Det handlar om høgteknologi og framtida sine krav, seier Ole-Vidar Skaathun, nøgd med BREEAM-NOR-klassifisering av Magnorvidauget.
– Vi produserer no det einaste toppsving-vindauget i Noreg som gjev poeng i BREEAM-NOR, seier Skaathun, osingen som eig Magnorviduet.
BREEAM-NOR er landets fremste metode for klassifisering av «bærekraftige bygg», kvalitetar utover styresmaktene sine krav.
«BREEAM-NOR skal på kort sikt bidra til økt bærekraft og kvalitet i norske næringsbygg, gjennom økt bevissthet om hvordan eiere, leietakere og samfunnet kan oppnå:
• Økt trivsel for byggets brukere, ved å sikre sunne, forutsigbare og velfungerende løsninger
• Bedre driftsøkonomi, avkastning og verdiøkning
• Bedre miljø og lavere energiforbruk» heiter det på ngbc.no.
Det er «Norwegian Green Building Council», ei ikkje-kommersiell foreining eigd av medlemmane, som eig BREEAM-NOR.
Sintef, DNB, Bergen kommune, Abo plan og arkitektur og Multiconsult er blant dei mange medlemmane, og eigarane, av NGBC.
Betre produkt – høgare karakter
Bygging og drifting av eigedom er noko av det som representerer den største miljøbelastninga i verda, ifølgje NGBC.
Derfor går vi mot ein grøn revolusjon når gjeld korleis vi lokaliserer, planlegger, bygg og driv nye bygg. Ikkje minst gjeld dette større næringsbygg i utsette område.
– For å kunna måla og registrera miljøbelastninga som kvart bygg representerer finnest klassifiseringsverktøyet BREEAM-NOR. Alle dei positive miljøverdiane i eit bygg blir summert med ein poenggjevande sluttkarakter, der karakterane for kvart bygg er samanliknbare.
MagnorVinduet har no denne dokumentasjonen for alle sine toppsving- og fastkarmvindauge.
– Vi bruker mykje ressursar på produktutvikling. Dette er høgteknologi og eg er glad for at marknaden og bransjen har fokus på, og verdset, produkt som er bygd for framtida, seier Ole-Vidar Skaathun.