– Grieg kjøpte måleri med Oseana i tankane
Både nyerverva og eldre kunst er å sjå når Griegsamlingen reopnar laurdag.
– Det er ganske unikt at vi har slike utstillingar med så mykje verdifull kunst i "lille" Os, seier kurator i Oseana, Marianne Gathe.
Når Griegsamlingen no reopnar i Galleri Hvelvet er det med blant anna store kunstnarnamn som Nikolai Astrup, Inger Sitter, DOLK, Jakob Weidemann og Ludvig Karsten.
Gathe fortel at Per Grieg sr. har sjølv vore på auksjonar og liknande for å kjøpa måleri som skal vera med i utstillinga.
– I tillegg har eg og sekretæren hans, Åse Pettersen, tatt og tråla magasinet i Grieggården for å finna dei rette bileta som skal vera med.
Gathe ønska å ha ei frisk utstilling, med farge i sentrum, og det er det dei har sett etter når bildene skulle velgast ut.
– Då passa jo og Os kommune sitt nyinnkjøpte Pushwagner bilde "Kunstnernes hus" fint inn, så det har vi fått låna.
Har måla og flytta vegger
Før bildene kunne koma i hus har galleriet fått ei oppfrisking.
– Vi har måla og flytta på vegger og gjort om på ting. Golvet måtte også fiksast, for det var ubehandla og kvar minste flekk som var sølt på det viste.
Tidlegare i veka var Per Grieg og kona sjølv innom for å sjå framgongen.
– Dei er veldig engasjerte og kom med fleire idear til kor bildene kunne henga.
Kunst- og kulturskattar i Os
Med eit unntak er det berre norske kunstnarar som heng på veggane i Galeri Hvelvet.
– Det er mange svære namn her, eg håpar folk setter pris på at vi har slike kunst- og kulturskattar her i Os, seier Gathe, som trur dei som kjem innom vil få seg ei fin oppleving.
Utstillinga står til juni, då kjem ei salsutstilling av Håkon Gullvåg, som òg har eit bilete med i Griegsamlingen.