Grei kontroll mot Gneist
Osdamene hadde god kontroll i sundagens oppgjer mot Gneist og vann 31-26 etter å ha leia med 11 i andre omgangen.
Handballdamene til Os er inne i ei tøff kampperiode med 2. divisjon, 3. divisjon og Scandic Bergen City Cup. Sundag starta hardkjøret med bortekamp mot Gneist i Sandslihallen.
– Vi opner veldig bra. Står godt i forsvar og leier 9-2 etter dei første 14. minutta.
– Derifrå byrjer vi å slurve litt. Vi blir for ukonsentrerte i avslutningane, fortel Ostrenar Erlend Lyssand.
Til pause leier Os med 5, 14-9.
Tek tak
I pausa blir Lyssand og jentene einige om å ta tak og heve seg.
– Det gjer vi ei stund. Vi leiar faktisk med 11 ei periode der.
– Men igjen blir vi for slurvete i avslutningane, samstundes som vi mister kontakten med kvarandre i forsvar.
– Det gjer at eit godt Gneist-lag fekk ein form for kontakt, men sigeren var likevel aldri truga, seier Lyssand.
– Vi er glade for to poeng i dag. Gneist er eit lag som kjem til å ta mange poeng, når dei etterkvart kjem i flyten.
Maria og Line viste veg
Lyssand understrekar at det var ein lagsiger, men trekk likevel fram to av spelarane.
– Line Hjelle Berentsen og Maria Stangeland Lunde viste veg i angrep og gjorde gode val.
– Dei sto fram i dag, slår ostrenaren fast.
Gneist - Os 26-31 (9-14)
Utv: Gneist 3x2 min, Os 1x2 min
Os sitt lag: Irene Tangerås (4), Madeleine Hjertnes (4), Silje Martine Årseth, Emilie Hjertnes Halhjem (2), Maria Stangeland Lunde (7), Vilde Brattabø, Line Hjelle Berentsen (8), Vibeke Ingebrigtsen, Silja Lunde Espelid, Elise Hjelle (3), Vilde Fyllingen (1), Hanne Sørstrønen, Marte Øvreeide (2).
Os ligg framleis øvst på tabellen etter sigeren over Gneist.