Grei avkastning også i 2015
Trass nedgangstider og svak kronekurs tente Os kommune 12 millionar på finansplasseringane i 2015.
Total avkastning for kommunen sine plasseringar i aksjefond var 9.288.250 kroner. Av dette enda avkastninga frå norske aksjar på 6,74 prosent, medan dei utanlandske aksjane kasta av seg 12,91 prosent.
Obligasjonane gav ei avkastning på 0,72 prosent, og 583.183 kroner.
Eigedomsfonda gav ei avkastning på 8,41 %, noko som utgjer 1.611.570 kroner.
Pengemarknadsfond gav ein avkastning på 1,28 prosent, og totalt kr 589.947.
Dette gjev ei avkastning på kommunen sine langsiktige finansielle midlar på kr 12.079.642. Dette er meir enn risikofri rente på over 2,5%, som er målsettinga i finansreglementet.
Pengar i banken
Finansreglementet stiller krav til at kommunen sine finansielle midlar er godt spreidde og plassert med ulik risiko.
Os kommune har i 2015 hatt alle sine kortsiktige likvide midlar plassert i bankinnskot. Ved utgangen av 2015 hadde Os kommune balanseførte innskot på totalt 284.873.000 kroner. Av dette er nærare 21,5 millionar midlar som kommunen ikkje kan bruka fordi det er skattetrekk og brukarmidlar. Totalt er difor kr 263.425.000 rekna som disponibel driftslikviditet.
Overskotslikviditet har også blitt plassert i bankinnskot som driftslikviditet grunna den gunstige renta gjennom 2015.
Justeringar undervegs
I løpet av 2015 er det blitt gjort tre endringar i finansporteføljen. Desse er gjort for å sikra betre samsvar mellom strategien som er lagt og den reelle porteføljen.
Ved utgangen av 2015 såg samansetnaden i porteføljen slik ut:
Aksjefond: 35,3 % ( mot 40,6 % pr 31.12.14)
Eigedomsfond: 10,7% (mot 8,5 % pr 31.12.14)
Obligasjonsfond: 29,5% (mot 37,6% pr 31.12.14)
Pengemarknadsfond: 24,5% (mot 13,3 % pr 31.12.14)
Har passert 1,5 milliarder i gjeld
I 2015 vart det teke opp nye kommunale lån på kr 215.240.000. Grunna den låge renta har kommunen oppnådd gode vilkår på låneopptaka i 2015.
I tillegg til nye låneopptak vart det rullert eller reforhandla lån på til saman kr 212.544.030.
Den totale lånegjelda til kommunen ved utgangen av 2015 er på 1.554 millionar kroner. Til samanlikning var gjelda ved utgangen av 2014 på kr 1.391 millionar kroner. Snittrenta på den samla låneporteføljen er 2,06%.
Formannskapet handsamar finansrapporten 2015 i formannskapsmøtet komande torsdag.