Lokal | 26. okt. 2015

Gravinga på Storum held fram

... men maskinføraren som grev ved beinrestane får med seg ein observatør.

Gravinga på Storum held fram
Det er uvisst om det er meir å finna og gravearbeidet på Storum held fram. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 26. okt. 2015 21:00

Bildeserie:

Så høgt sto vatnet i Os etter førre istid. (NGU.no)
Så høgt sto vatnet i Os etter førre istid. (NGU.no)
Funnet blei gjort i dette holet. I morgon held gravearbeidet fram. (Foto: KVB)
Funnet blei gjort i dette holet. I morgon held gravearbeidet fram. (Foto: KVB)
1 av 2

Etter at det i førre veke blei funne store beinrestar på Storum, som truleg stammar frå ein rundt 10.000 år gamal kval, har det vore stopp i delar av arbeidet med utvidinga av Lepsøyvegen.

– Gravearbeidet held fram frå tysdag, men med ein observatør frå UiB som følgjer med. Det skal gå roleg for seg og om det blir fleire funn så blir det ekstra varsamt, seier Marit Eidsnes Rogne frå Statens vegvesen.

Uvisst om det er meir å finna

– Det har i dag vore arkeologar på staden, og funnet blir sett på som veldig interessant.

– Men det er ikkje sikkert at dei finn meir og det er for tidleg å håpa på at det ligg eit heilt skjelett på staden. Funnet blei gjort djupt nede og vi såg det som mest fornuftig å halda fram med maskin, men som sagt, med arkeolog som observatør for kvar grabb som blir tatt.

(Høyrd på Øyro: Mens ein augestikkar var nok til å setja ny veg til by'n på vent i fleire år skal det meir enn ein kval til for å stoppa ny veg til Øyane.)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.