Graut og nisse i skogen
Bildeserie: Det tok heilt av då nissen kom til Turboklubben.
Turboklubben i Lysefjorden var den andre klubben som starta i landet, og den første på Vestlandet. No er den i ferd med å få avleggarar både i Stavanger, Eidsvåg og Vesterålen.
– Det har kome nokre til etter at vi starta for to år sidan. No er det også ein i Bergen Vest, på Landås og i Kandaskogen, fortel primus motor André Marton Pedersen.
Nissen kom
Tysdag kveld runda klubben av sitt andre driftsår med tur frå Lysekloster skule til ein leirplass i skogen.
– Det blei ei veldig fin avslutning på eit godt turboår. 39 barn møtte opp og med dei vaksne så var vi mellom seksti og sytti stykker.
– Ved campen var det refleksløype og graut rundt bålet. Etter at vi hadde spist byrja ungane å rope på nissen og å leita i det eine skogholtet etter det andre. Dei sprang rundt og det var så høgt trøkk at taket som ikkje var der heldt på å letta.
– Etterkvart oppdaga dei nissen femti meter inne i skogen. Han kom gåande med ei fjøslykt, men såg etterkvart ingenting, då alle ungane retta houvdlyktene sine rett mot han, ler Marton Pedersen.
Med seg i sekken hadde nissen nye drikkeflasker til kvar av ungane.
Fast friluftsdag
Då Turboklubben starta i Lysefjorden var dei nok litt ambisiøse innrømmer initiativtakarane.
– Vi starta med 79 ungar påmeldt kvar gang. På det meste hadde vi aktivitet kvar veke og måtte dele dei opp i fire grupper. Det blei litt mykje å handtere, så vi tok det etterkvart litt ned.
– No møtast vi annankvar tysdag og gjer gjerne ting saman med andre lag og organisasjoner. Vi har hatt Os musikkforening som har spelt for og med oss, vi har vitja Oselvarlaget og no sist vore på klatring med Os klatreklubb.
– Kva er forskjellen på Barnas turlag og Turboklubben?
– Barnas turlag har meir sporadiske arrangement på litt forskjellige vekedagar. Turboklubben har ein fast dag vi møtast gjennom våren og hausten. Tanken er at det skal vera eit fast fritidstilbod, slik at vi både får friluftsliv inn i kvardagen til ungane og at vi kjem i kalenderen til travle småbarnsforeldre. Det skal vera eit tilbod på lik linje som kor, korps og andre idrettsaktivitetar.
– Eg må få lov å skryte av turleiarane vi har. Det er seks travle foreldre som finn tid til å arrangere turar og aktivitetar. Det er heilt avgjerande for tilbodet har blitt så bra som det har blitt. Dei står på, og eg har inntrykk av at dei tykkjer det er kjekt, avsluttar André Marton Pedersen.