Lokal | 30. mai 2013

Gratiskonsert og musikalske kontrastar

I helga inviterer Søre Neset Musikklag til gratiskonsert i Oseana, medan Os mannskor byr på musikalske kontrastar.

Gratiskonsert og musikalske kontrastar
Os mannskor har også tidlegare helde konsert i foajeen i Oseana (foto: Andris Hamre)
Kari M. Lyssandtorsdag 30. mai 2013 13:09

Då Oseana opna dørene for fyrste gong i 2011 var det Søre Neset Musikklag som innvia foajeen som konsertarena.

60- årsjubilant

Laurdag er dei tilbake og held gratiskonsert for publikum.

Søre Neset musikklag starta opp i 1953 og har 60-årsjubileum dette året. Dei 24 medlemmane har eit stort sprang i alder, heile 70 år skil det yngste frå det eldste medlemmet.

Laurdag kan musikklaget by på blant anna festmarsj og filmmusikk frå filmen Danser med ulver.

Musikalske kontrastar

Søndag er det Os mannskor som tek foajeen i Oseana i bruk.

– Som tittelen på konserten seier blir det ein konsert fyllt med kontrastar.

- Vi har eit veldig variert program, både gammalt og nytt og innan fleire sjangrar, fortel Thore Lunde frå Os mannskor.

- Og gjestane våre er unge musikarar frå Kongshaug musikkgymnas og Os musikkskule, så det òg er jo ein kontrast frå oss eldre karar.

Med seg på konserten har Os mannskor Asbjørn Haukeland (slagverk og marimba), Jone Finne Kuven (tuba og bassgitar), samt Kongshaugelevane Karoline grave (fiolin), Thea Årseth (song), Knut Anders Stokke (piano) og Vermund Aukrust (piano).

Rekrutteringstunt på Amfi

Os mannskor er også i desse dagar på jakt etter nye og yngre medlemmar til koret.

- Vi ønskjer at desse som kun syng på badet skal komma fram og bli med oss i koret, smiler Lunde.

Laurdag vil medlemmane difor ha eit stunt på Os Amfi for å presentera koret og kanskje få verva fleire songglade menn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.