Grasbrann på Lepsøy
Det brann på eit relativt stort område på Lepsøyneset torsdag ettermiddag. Brannvesenet fekk fort kontroll.
Rett før klokka 18 torsdag ettermiddag fekk brannvesenet fleire meldingar om røyk på Lepsøy.
- Det er ein grasbrann på Lepsøyneset, fortel Erik Walden hos Os Brann- og redningsvesen.
- Er det stort område som brenn?
– Det byrjar å bli relativt stort, stadfestar Walden.
Brannvesenet rykte ut med alt tilgjengeleg mannskap.
Brannen var i eit hytteområde i nærleiken av Kongshaug Musikkgymnas. Hytter var i fare for å bli tent, men hytteeigarane slapp med skrekken. Fleire folk på staden prøvde å sløkka brannen med bøtter med vatn.
Klokka 18.25 var brannen under kontroll. Brannvesenet dreiv framleis ettersløkking.