Lokal | 27. mai 2013

Grasbrann på Grindavoll

Eit lite område på om lag 10 kvaderatmeter blei svidd av då det pluseleg byrja å brenna på Grindavoll.

Grasbrann på Grindavoll
Brannen var i det store og heile sløkt då brannvesenet kom fram (Foto: Varde Film og Media)
Andris Hamremåndag 27. mai 2013 13:58

Brannvesenet rykte ut på meldinga om grasbrann med kommandobil, vannvogna og mannskapsbilen.

– Vi rykte ut med seks mann. Då vi kom fram hadde bonden på garden i det store og heile sløkt brannen ved hjelp av pulverapparat.

– Vi tok oss difor av ettersløkking og sørgja for at eventuelle glør blei heilt sløkt, fortel Erik Walden hjå Os brann- og redningsvesen.

Årsaka til brannen er noko uviss. Det skal ikkje ha vore drive bråtebrenning i forkant.

– No undersøkjer politiet det nærmare, men det kan sjå ut som om det har vore ei sjølvantenning, avsluttar Walden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.