Lokal | 22. mars 2013

Grasbrann i Hegglandsdalen

Brannvesenet rykte fredag ettermiddag ut til grasbrann i Dalen..

Grasbrann i Hegglandsdalen
Grasbrann i Hegglandsdalen. (Foto: Varde Film og Media)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. mars 2013 17:21

Fredag klokka 16.15 i dag sendte brannsjef Stein Gjøsund melding om stor gras- og lyngbrannfare i Os.

Vi rakk ikkje publisera åtvaringa før alarmen gjekk - 40 minutt seinare kom nemleg melding frå Hegglandsdalen.

– Vi er på veg til grasbrann i Hegglandsdalen nær Eidsbrekka, sa varabrannsjef Arne Monsen klokka 16.55.

Brannvesenet har klokka 17.10 nett kome til staden. Brannen er nær ungdomshuset i Dalen.

– Vi er i ferd med å starta sløkkearbeidet, eg har førebels ikkje oversikt over kor stort område som står i fyr.

Det har vore større grasbrannar fleire stadar i Hordaland i dag.

– Brannen kom raskt under kontroll og er no sløkt. Rundt tre mål er svidd av, seier Monsen klokka 17.28.

Eit bål var utgangspunktet. Politiet er på staden og snakkar med bålbrennaren, brannvesenet med vaktlag på seks mann held på å pakka saman.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.