Gras søker sol
Ferdig i juni? Bygginga av Os Idrettspark har så langt gått i rekordfart. No ventar entreprenørane på det same som meg og deg – litt opphaldsvêr.
Les òg: Byggestart på Os Idrettspark
I midten av mars blei den over 60 år gamle grasmatta på Kuventræ gravd vekk. I april og mai har nye massar kome på plass både på banen og på den tidlegare nabotomta, og eit stort areal skal no få nytt dekke.
Løpebanen og friidrettsområdet rundt den komande kunstgrasbanen er asfaltert, baneområdet ser ut til å vera klart for utrulling og store mengder sand er planert ut over det tidlegare ubrukte området som no skal få naturgras for å bli kastefelt og fleirbruksområde.
– Etter kva eg høyrer har det aldri vore bygd ein idrettspark i Noreg så raskt som dette før. Underentreprenør Torstein Skjaker frå Toten har laga 130 sånne anlegg før, så han veit kva han baler med, seier prosjektleiar frå Os kommune, Tor Inge Døsen.
Rett vêr – rett rekkefølge
– Kunstgraset kan ikkje leggast før løpebanane og resten av det asfalterte området har fått dekke for friidrett, for dette skal sprøytast farge på og vi er ikkje interessert i raudt gras på fotballbanen.
– Materialane til friidrettsdekket kom på fredag, men entreprenørane kan ikkje starta før det er opphaldsvêr.
Det same gjeld graset som skal på den 10 mål store nabotomta.
– Graset ligg og gror ved Solastranda utanfor Stavanger. I første omgang skal vi ha 5000 kvadratmeter opp til Os, det er alt vi klarer i denne omgangen, seier Døsen.
Nytt lys
Nyleg kom tre store master med lys til den komande nye kunstgrasbanen på plass.
– Vi skal også ha ned mastene ved tribunen for å montera betre lys i desse.
– Då blir det skikkeleg lys også på den nyaste banen.
Målet er å få både fotballbane og kastefelt ferdig i løpet av juni. Vêret vil avgjera mykje av den vidare framdrifta.
Auka kapasitet for fleire klubbar
Tidlegare var det Os Turnforening som eigde grasbanen og den øvste kunstgrasbanen, mens dei lånte tomt av Os kommune til den nedste banen.
Eit makebyte med nokre kommunale kroner imellom gjorde at Os Turnforening no eig dei to etablerte kunstgrasbanane mens Os kommune eig den komande nyebanen der graset var før, og tomta der dei no bygger kastefelt.
Os Fotball blir nok ein av dei ivrigaste brukarane av den nye banen, men neppe dei einaste. Ei gruppe med representantar frå kultureininga og idrettslaga i Os held på å diskutera kva baneleige skal kosta og korleis banetid skal delast mellom dei som er interessert.