– Gøy!
Det er det korte og konsise svaret vi får frå deltakarane på Os Turn sin nyoppstarta fotballfritidsordning.
Som ein av 60 klubbar i Noreg tilbyr Os Turn fotballfritidsordning (FFO) i samarbeid med fotballforbundet og Telenor frå denne hausten.
– Vi har starta litt forsiktig med å berre gå ut til Kuventræ skule i første omgang.
– No i haust vil vi hausta erfaringar og trekkje lærdom, så er planen å utvida tilbodet frå januar til å omfatta også dei andre idrettane vi i Os Turn organiserar, fortel dagleg leiar, Hans Parnefält.
Gøy og kjekt
Førebels er det seks gutar og ei jente med på fritidsordninga kor dei blir servert lunsj og får leksehjelp når dei kjem frå skulen.
– Det er deilig å vera ferdig med leksene når vi kjem heim frå FFOen, fortel dei ivrige gutane, bøyd over leksebøkene når Midtsiden svinger innom.
– Korleis er maten og treningane då, undrar vi.
– Maten er god og treningane er gøye, kjem det kjapt til svar.
– Ein del av opplegget er å læra ungane viktigheten av sunn og riktig næring.
– DIfor får dei eit måltid når dei kjem. I tillegg avsluttar vi alltid med eit lett restitusjonsmåltid med frukt og yoghurt etter økta, supplerar Parnefält som har Sylvia Vangsnes med seg som matmor og leksehjelp i klubbhuset.
Hallvar Thoresen som rektor
Ansvarleg for heile opplegget er tidlegare proff og landslagsspelar Hallvar Thoresen.
– Både han og Stig Inge Bjørneby er aktivt med frå forbundet si side og har ansvaret for det sportslege innhaldet.
– Lokalt er det Frode Valle, Torkel Hjertnes og Robin Hjertnes som er instruktørar på feltet.
– Eg er veldig nøgd med at vi har fått med oss så dyktige trenarar. Dei gjer ein kjempejobb, rosar Parnefält.
Vil utvida
Fritidsordninga kostar litt meir enn vanleg skulefritidsordning, men samstundes får deltakarane både utstyr og mat inkludert i prisen.
– Foreldra har i dag valet mellom to eller fire dagar i veka.
– Etterkvart som vi no haustar erfaring vil vi vurdera å tilby fleire variantar av dagar og opplegg.
– Vi føler no at vi er klare for å ta imot fleire deltakarar og vil etterkvart ha aktivitetar innan alle idrettane vi tilbyr i idrettslaget, avsluttar Parnefält, som håpar fleire ser nytten av å tilby ungane ein sunn aktivitet rett etter skulen.