- Godt nyttår!
Lesarinnlegg/nyttårshelsing: Etter i fantastisk julehøgtid i Osbygda, ser vi igjen fram mot eit nytt år – 2011.
Ved nyttårsskiftet gjer vi oss alle våre personlege refleksjonar. Tankane går til det som har vore vanskeleg, vondt og trist, - og til det som har vore positivt, gledelig og godt med året vi snart legg bak oss. Alle tar vi ulike og unike erfaringar med oss vidare.
2010 – eit krevjande år
Også for den kommunale organisasjonen går 2010 no inn i historia. På mange måtar eit spanande, men krevjande år. I februar måtte Os kommunestyre gjera nye vedtak i høve 2010-budsjettet, og den kommunale organisasjonen måte i gang med krevjande endringsprosessar for å sikra balanse i løpande utgifter og inntekter. Ved utgangen av året kan vi slå fast at organisasjonen har levert. Medarbeidarar og leiarar i heile organisasjonen har vore endringsvillige, og ytt tenester og service av beste kvalitet til osingane. Trass i tøffe nedtrekk i budsjetta syner brukarundersøkingar ei positiv utvikling. Og det takka vera solid innsats frå alle medarbeidarane i den kommunale organisasjon. Det er dei som kvar dag året gjennom gjer misjonen vår, Livskvalitet for alle, om til røyndom. Ofte gjennom det lille ekstra, - eit smil, litt ekstra service eller omsorg, ein klem eller eit klapp på skuldera. Takk til kvar og ein av dykk for innsatsen i 2010!
Varafjell og Vartun
Også i 2010 har vi tatt i bruk nye kommunale bygg som hevar kvaliteten på tenesteproduksjonen. Varafjell Avlastningssenter og Varafjell Spesialpedagogisk senter gjev eit løft for tilbode til barn og unge med spesielle behov. Der same gjer Vartun Oppfølgingsteneste til osingar som slit med rusproblem.
Barnehage og skule
Elles vil nok 2010 best bli huska for strukturendringane innan barnehagesektoren og vedtaket knytt til Skulebruksplanen 2010-18. Når alle endringar er på plass i løpet av 2011 vil vi sitja att med to store kommunale barnehagar, i tillegg til nær 20 private barnehagar spreidd over heile kommunen. Vi har dermed full barnehagedekning, og Os er godt budd på endringa i finansieringsmodell som Regjeringa har vedteke frå 01.01.2011. I høve Skulebruksplanen har eit samrøystes kommunestyre vedteke ei historisk satsing på skulebygg i Os. Dei næraste åra skal det investerast for nær 200 mill kroner i nybygg, utviding og rehabilitering i Os-skulane. Halhjem og Kuventræ barneskular skal utvidast, Os ungdomsskule moderniserast og det skal byggjast ein ny stor ungdomsskule nr. 2 i kommunen. Fleire av prosjekta vert starta opp allereie neste år.
2011 – opning av Oseana
Året vi har framfor oss vil elles bli prega av eitt stort byggjeprosjekt som vert avslutta, Oseana kunst- og kultursenter, og eitt som vonleg vert starta opp – ny brannstasjon på Moberg. Etter vedteken framdriftsplan skal vi ha gjennomført ny anbodsrunde, og vera klart til byggjestart for brannstasjonen til hausten.
I høve Oseana skal opninga markerast med tidenes folkefest 17.-26.juni, og eg vonar flest mogeleg osingar får vitja vår nye storstove allereie gjennom opningsfestivalen! I prosjektleiinga gler vi oss verkeleg til å visa fram heile anlegget med den fantastiske plasseringa det har fått på Mobergsneset. Alt ligg til rette for at Oseana skal leva opp til visjonen om å skapa Ei verd av inspirasjon for både liten og stor!
Carpe diem!
Frå summaren av kan vi òg presentera Os Gjestehamn på ein langt betre måte for fastbuande og tilreisande båtturistar. Nye båtplassar vil væra på plass i regi Os Sjøfront, og Os kommune skal ruste opp resten av hamneanlegget med m.a. betre tilgang på straum og vatn. Vi kan difor trygt sjå fram mot den varme årstida med bilete av Osøyro og eit sydande folkeliv på netthinna, der opninga av Oseana, Osøren Blues- og Jazzfestival og Skulptursymposiumet er naturlege høgdepunkt! Men først skal vi nyta vinterens gleder, og gje oss sjølv høve til å stoppa opp og reflektera over det året som snart ebbar ut og det nye vi har liggjande framføre oss – ”med blanke ark og fargestiftar til”. Carpe diem – grip dagen! Gjer noko positivt ut av 2011!
På vegne av Os kommune ynskjer eg dykk alle eit riktig GODT NYTT ÅR!
Med beste nyttårshelsing
Terje Søviknes (FrP)
Ordførar Os kommune