Godt år på børsen
Os kommune tente 22,3 millionar på børsen i 2013. 0,25% over referanseindeksane. Best gjer dei det i obligasjonsmarknaden.
Os kommune oppnådde en positiv avkastning på sin finansportefølje på hele 22,3 mill, tilsvarande 12,4%, i 2013, noko som er 0,25% betre enn referanseindeksen.
Porteføljen, som har sitt utspring frå sal av aksjar i Oskraft AS og BKK AS rundt årtusenskiftet, er dermed på i alt 202,7 mill kr ved utgangen av 2013.
- Dette er en solid avkastning som vil bidra vesentlig til Os kommune vil få et godt økonomisk resultat for 2013, seier ordførar Terje Søviknes (FrP).
39,3% i obligasjonar
Dei 202,7 millionane er spreidd i fleire finansielle verkty for å spre risikoen. 37,7% (Vel 76 millionar) er plassert i aksjefond, 8,5% (vel 17 millionar) i eigedom, 39,3% (nær 80 millionar) i obligasjonsfond og 14,5% (drøye 29 millionar) i pengemarknaden.
I 2013 er det investeringane i obligasjonsfond som har gjeve kommunen størst gevinst samenlikna med referanseindeksen. Kommunen sine investeringar har gjeve ei avkastning på 3,48% mot 0,94% i referanseindeksen, noko som gjer at kommunen kjem ut 2,54% over referanseindeksen.
Også eigedomsinvesteringane og pengemarkedsplasseringane gjev positivt utslag med henhaldsvis 6,97 (4,66 i referanseindeks) og 2,18 (1,62 i referanseindeks). Plasseringane i aksjefond har også gjeve positiv avkastning med 30,96%, men her har ikkje porteføljeforvaltarane i Grieg Investor treft like bra som referanseindeksen på 33,19. Tidlegare hadde også kommunen investeringar i hedgefond, men desse har ein seld seg ut av.
Gjev investeringsmoglegheiter
Endeleg driftsrekneskap for 2013 vil liggja føre medio februar, og Os kommunestyre vil komma attende til disponering av samla overskot for fjoråret.
- Uansett er finansavkastinga for 2013 godt nytt for Os kommune som over fleire år har hatt høg folkevekst, og dermed behov for store investeringar i ny infrastruktur.
– For 2014 gjeld dette spesielt skulesektoren med investeringar i nye skulebygg. Nore Neset Ungdomsskule står ferdig i august, Kuventræ skule vert utvida til 2-paralellar barneskule og i løpet av året vert rehabiliteringa av Os ungdomsskule fullført.
– I tillegg har kommunestyret vedteke vesentlege investeringar i Os Idrettspark, Kuventræ for 2014-16, avslutter Søviknes.