Godkjente fem etasjar
Plan- og bygningsutvalet godkjente at Handle- og Bjørngården kan bli fem etasjar høg. Dette gir rom for 17 nye leilegheiter.
Joa Gruppen AS, som kjøpte Handle- og Bjørnegården hausten 2012, fortalde i april i fjor at dei ville søkja om å få byggja på med ein ekstra etasje.
I førre veke kom endringa av reguleringsplanen til endeleg handsaming i Plan- og bygningsutvalet, som mot KrF si eine stemme godkjente at bygget kan bli fem etasjar med topp mønehøgde på 19 m.o.h.
Strandpromenade med glassvegg
Utvidinga vil gje rom for 17 nye leilegheiter. Den auka bustaddelen i bygga gir òg krav om auka uteopphaldsareal, noko som i samråd med kommunen er tenkt løyst gjennom eit økonomisk bidrag til opprusting av fellesareal og ny strandpromenade langs elva.
– Det er sjølvsagt positivt med endringar, men kvifor fjernar ein ikkje alle parkeringsplassane langs elva?
– Eg lurar òg litt på dette med å setja opp ein 1,8 meter høg transparent støyskjerm langs elva, det er vel ikkje heilt i samsvar med å la elva bli ein del av sentrum, kommenterte Torill Keys (Ap).
Ho fekk støtte frå Øystein Nordvik (TvS).
– Om vi skal ta varsla frå NVE på alvor så må vi snakka om vasstanden.
– Bilane kan ein berre flytta, men om det er rett å ha ein glasskonstruksjon som blir ståande under vatn er eg usikker på.
Frå tre til fem etasjer?
Den største endringa i planen er å auke byggehøgda frå 16 til 19 meter og å tillata fem etasjer. Den femte etasjen er trekt inn mot nord og sør, men ikkje mot Brugata.
– Endringa går frå 16 til 19 meter, men går den òg frå tre til fem etasjar, undra Sigrid Aanestad Bakke (KrF).
– Det er frå tre til fem etasjar, men det har vore godkjent fire etasjar i den gamle planen, svara Aina Tjosås, plan- og utviklingssjef i kommunen.
– Eg held meg til det som har vore godkjent tidlegare. Eg stemte mot så høge hus på den andre sida av elva, og gjer det same no, konkluderte Aanestad Bakke.
Kan tole fem
Det var ikkje Nordvik og Keys samde i.
– Når det gjeld fire eller fem etasjar, så er det i sentrum vi kan gjera det.
– Eg slit meir om ein skal gjera det ute i bustadfelta, kommenterte Nordvik.
– Vi føler at denne bygningskroppen kan tola ein tilbaketrekt 5. etasje og at det kan funka.
– Difor seier vi ja til dette i denne omgang, avslutta Keys.