God trøyst i flink ungdom
Anna på landslaget - J16 klar for Bring-runde: Damelaget til Os spelte ein svak bortekamp denne veka, men Lyssand gler seg over at ungdomane får ei innhaldsrik veke.
Os spelte borte mot Stord onsdag kveld og gjekk på eit surt 27-22-tap.
– Bortekampar i vekedagene er ikkje det ideelle med tanke på reise og førebuing, og onsdag klarte vi ikkje å få opp dampen, seier Erlend Lyssand.
Stord - Os 27-22 (12-10)
– Stord er eit lag vi skal slå så dette blei ein skuffande tur for vår del, fortel trenaren.
Anna på landslaget igjen
Men Lyssand og resten av handballmiljøet i Os har fleire ting å gle seg over, og å sjå fram til denne veka.
I går blei uttaket til landslagssamling for J16-17 lagt ut på handball.no, og stortalentet Anna Bjørke Kallestad frå Os er blant dei 24 jentene som er tatt ut.
– Dette var veldig kjekt. Anna har prestert veldig bra på seniornivå i haust og vi gler oss veldig over at ho no er tatt ut på aldersbestemt landslag igjen, seier Lyssand.
Samlinga er i Skien 29. november til 3. desember og blir leia av Bendik Berg og Jeanette Nilsen.
Første Bring-runde
Anna er del av det sterke J16-laget til Os som også denne sesongen kvalifiserte seg til å spela Bring-serie.
Serien er mellom dei beste laga i Noreg på aldersbestemt nivå og første av fem seriehelger går i Drammen denne helga.
Førre sesong enda Os cirka midt på Bring-tabellen, i helga blir dei tre første kampane i Bring-serien spelt.