God torsdagsrock av mr Johnsen
Hans-Marius Johnsen med band samla godt med folk på Solsiden torsdag kveld.
Det unge gitartalentet Hans-Marius Johnsen stilte torsdag på Solsiden med ei krevjande setliste, og saman med stødig band og spennande gjesteartistar leverte han ein god konsert til eit nøgd publikum.
– Vi er nøgd sjølv, òg. Å dra over 60 gjestar på ein torsdag i Os er meir enn eg hadde venta, seier Hans-Marius.
Med Kjetil Osablod Grønvigh på trommer og Jone Finne Kuven på bass tok han gjestane med gjennom rock, blues og pop, det meste var coverlåtar, men det blei også tid til tre eigenproduserte, to av dei som urframføring, alt prega av HM Johnsen sine strengar.
Fredrik tok to låtar
På nokre av låtane var gitarlærar Jonny Berven med, på éi låt lånte han vekk mikrofonen til Espen Iversen.
Også Fredrik D. Kristiansen, som nyleg kom på topp 40 i Idol, var på scenen med Hans-Marius.
– Sjølv om dette er heime i Os var eg veldig nervøs heilt fram til eg byrja å synga, fortel Fredrik.
Han tok låtane Hit The Road Jack og, som i Idol-semifinalen, Sexy and I know it.
– Han let endå betre live enn på TV og har absolutt noko på ein scene å gjera, meiner Torodd Rimstad, ein av gjestane på Solsiden torsdag.