Lokal | 24. sep. 2015

God timing med vanskelege tema

Rus, seksualitet, gaming og spisevanskar: No er 9. trinn i gang med prosjektet som både har blitt justert og ført til konkrete hjelpetiltak for elevar.

God timing med vanskelege tema
Amanda, Alida, Johanne, Sebastian og Mats frå 9 C og 9 D saman med prosjektleiar Therese Johnsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. sep. 2015 16:02

Bildeserie:

Måndag såg elevane filmen «Linas kveldsbok». (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Måndag såg elevane filmen «Linas kveldsbok». (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Prosjektleiar Therese Johnsen (t.h.) har justert noko på programmet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Prosjektleiar Therese Johnsen (t.h.) har justert noko på programmet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2

For fjerde år på rad er 9. trinn ved Os ungdomsskule i gang med prosjektet skulen sjølv har sett saman, eit prosjekt om ungdom og psykisk helse, rus og seksualitet.

Prosjektet starta som vanleg med vising av filmen «Linas kveldsbok» måndag, for vidare diskusjon klassevis og i grupper.

– Vi har fått gode tilbakemeldingar frå både elevar og føresette, seier prosjektleiar Therese Johnsen.

Johnsen, som har sett saman programmet, har også justert noko på det.

– I fjor fekk vi inn «gaming» som nytt innslag på programmet, i år har vi ROS (ressurssenter mot spiseforstyrrelser) som nytt innslag. I tillegg kjem som før LLH (Landsforbundet for lesbiske og homofile), SMISO (Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland) og Konsultatsjonsteam mot vald og overgrep som eksterne aktørar. Vi bruker òg kommunen sine eigne ressursar, som lege Hege Tønnesen og Anne Lyssand frå Os lensmannskontor.

Elevane evaluerer

Opplegget er også gjort meir kompakt enn før.

– Mesteparten av programmet blir gjennomført i veke 39 og 40. Tidlegare var det køyrd over fleire veker, men då elevane òg skal evaluera prosjektet og dei vaksne som deltar er det viktig at kvar del av prosjektet er friskt i minnet.

Avslutting av prosjektet blir fredag 2. oktober, siste skuledag før haustferien, der elevane sine innsamla, anonyme, spørsmål blir retta mot eit fagpanel av dei vaksne som har deltatt i undervisinga.

«Hovudmålsettinga for prosjektet er å fremja god fysisk og psykisk helse for ungdom fram mot vaksenlivet. I tillegg ønskjer vi at undervisningsopplegget skal gi kunnskap og motivera kvar elev til eigen refleksjon kring krevjande spørsmål», står det i programmet.

– Realistiske eksempel og god timing

Midtsiden fekk måndag ein prat med nokre av 9. klassingane, Amanda, Alida, Johanne, Sebastian og Mats frå 9 C og 9 D.

Dei sat då i samtalar om filmen dei nettopp hadde sett.

– Det var ein interessant og lærerik film med gode eksempel på gode og dårlege val, synest elevane.

– Eg trur det er rett alder å visa den til. I fjor var vi for unge, når vi går i 10. klasse er nokre av oss kanskje allereie der at vi får bruk for det vi no lærer.

– Korleis er det å sitja i grupper og diskutera rus og seksualitet?

– Det kjem an på kven du er på gruppe med. Enkelte fleipar eller synest det er flaut, men det er bra at ikkje det berre er læraren som pratar, at vi ungdomar får gruppeoppgåver.

Konkrete konsekvensar

Johnsen fortel at skulen tar omsyn til at det er tema som kan vera vanskeleg for fleire å snakka om.

– Derfor er det viktig at vi har refleksjonsøkter etter foredrag og film, at vi får snakka om det. Vi har òg dialog med heimen, i tilfelle enkelte tema kan vera vanskeleg, om ein elev er i sorg eller kjenner nokon som har vore utsett for noko, at vedkomande bør stå over delar av programmet.

– Har det hendt at undervisinga har ført til at elevar har opna seg, at dei for eksempel har kome til helsesøster eller andre med konkrete problem?

– Ja, vi har fleire tilfelle av det. Delar av prosjektet kan verka sterkt på enkelte, og kanskje litt befriande på andre, anten dei har problem eller dei har noko dei ønskjer å ta opp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.