Sport | 31. mars 2016

God start i Stockholm

Ariel Braathen berre 5 hundredelar bak personleg rekord i forsøket på 50 meter bryst.

God start i Stockholm
Ariel Braathen har fått ein god start i Stockholm (privat foto)
Andris Hamretorsdag 31. mars 2016 13:52

Torsdag formiddag svømde Ariel Braathen 50 meter bryst "som oppvarming" til helgas to store mål 100 og 200 meter bryst, som er distansene ungjenta har som mål å klare OL-kravet på.

Les òg: Ariel si siste ferd mot OL

I forsøket på 50 meteren svømde ho inn på tida 32.56, berre fem hundredel sin eigen personlege rekord på distansa (32.51), og blei beste norske deltakar på distansa. Tida heldt til 12. plass og B-finale i den tøffe konkurransa i Swim Open Stockholm.

Best tid i forsøket hadde Ruta Meilutyte frå Litauen med tida 30.50.

B-finalen går seinare torsdag ettermiddag, før 200 meteren ventar fredag og 100 meteren laurdag.

I finalen gjekk det litt tråaer for Ariel. Ho klokka inn på 32.84, noko som heldt til ein 5. plass i B-finalen.

– Ariel var godt nøgd med forsøket. Vi var litt usikker på om ho hadde fart nok i kroppen, men det viste ho tydeleg, fortalde far Bjørn Arne Braathen mellom forsøksheatet og finalen.

Håpet var at ho skulle klare å pressa tida enno meir ned i finalen, men det lukkast ikkje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.