God medaljefangst i Fana
Både Os Turn Friidrett og Søfteland TIL si friidrettsgruppe stilte sterkt under Karabinlekene i Fana i pinsen med fleire gode resultat.
Karabinlekene blei arrangert på Fana Stadion frå 13. til 15. mai. I overkant av 1900 starter fordelt på 37 klubber blei notert av arrangørane i løpet av dei tre dagane.
I strålande sol stilte både Os Turn Friidrett og Søfteland TIL si friidrettsgruppe sterkt under leikane.
– Det var i år rekorddeltaking frå Os Turn Friidrett. Vi stilte med 37 deltakarar fordelt på heile 95 øvelser, fortel Åge Gulbrandsøy i friidrettsgruppa.
Det var mange gode prestasjoner blant utøvarane frå Os, men høgdepunkta resultatmessig blei:
Andreas Mowinckel-Nilsen (G18/19) som tok 3. plass på 100 meter med tida 11.84 og 2. plass på 60 meter med tida 7.51.
Sondre Herrevold (G18/19) i spyd med eit kast på 48.03 meter, noko som held til 2. plass.
Sofie Olsvold Hausberg (J16), som vann lengde med eit hopp på 4,80 meter. To plassar framfor klubbvenninne Eirun Klyve, som med 4,61 meter tok 3. plassen.
Mons Martin Borgen (Menn Senior), som vann høgdekonkurransa med å tangera sin eigen personlege rekord på 1.90 meter.
Thomass Puskins (G12) tok bronse i liten ball, etter å ha kasta den 39.91 meter.
Satte klubbrekordar i fleng
Også STIL stilte med fleire utøvarar under leikane. Fleire av dei satte nye klubbrekordar på sine øvelser.
Lars Hjelle-Søfteland (G 11), satte klubbrekord både i liten ball med eit kast på 22.99 meter og i kule med eit støt på 6.02 meter. I tillegg løp han 60 meteren på 11.20.
Trym Hatleli (G12), satte ny klubbrekord på 80 meter med tida 12.87.
Johannes Eskeland (G14) satte ny klubbrekord på 200 meter med 27.70, i tillegg løp han 60 meter på 8.59.
Linnea Sælen (J10), satte klubbrekord på 600 meter med tida 2.08.84. I tillegg løp ho sekstimeter på 9.71, hoppa 1.10 i høgde og 3.22 i lengde.