Kultur | 26. feb. 2014

God framdrift

Sjølv om vinteren har vore rolegare enn sommaren har det vore god framdrift på Lyngheim.

God framdrift
Det er Reidar Skeie og Magnar Storum som, på dugnad, har laga bakaromnen og grua på Lyngheim. (foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kari M. Lyssandonsdag 26. feb. 2014 10:36

Bildeserie:

Her blir det handikapptoalett. (foto: KMAL)
Her blir det handikapptoalett. (foto: KMAL)
Inngangsdøra er på plass. (foto: KMAL)
Inngangsdøra er på plass. (foto: KMAL)
Haugen foran stova skal etterkvart fjernast. (foto: KMAL)
Haugen foran stova skal etterkvart fjernast. (foto: KMAL)
1 av 3

- I vinter har vi konsentrert oss om det bygningsmessige og det største løftet vi har fått gjort er steintaket, fortel Magne Brekke, styreleiar i stiftinga Det historiske tunet på Lyngheim.

- Det blei kjempefint.

Innvendig har lemstova no fått bakaromn og grue og no er det hellegolv, golvet på lemen og det offentlege toalettet som står for tur.

Planane vidare

Før det historiske tunet står ferdig gjenstår det blant anna planering og hellelegging av området.

- Og så skal vi dandere terrenget så vi får eit naturleg amfi.

- I tillegg skal vi, i samarbeid med Os kommune, heve terrenget ved snuplassen og få på plass handikap-parkering.

Stiftinga har plan om å kunne opne tunet for osingane i august 2014, men om dei når det målet kjem an på finansieringa.

- Vi er i rute og satsar framleis på opning august, men vi manglar ein del midlar.

- Vi har søknader inne hos fleire fond og private sponsorar, mellom anna hos Visjon Vest og Stiftelsen UNI.

Møteplass for alle

I løpet av våren vil stiftinga gå i samtale med barnehagar, skular og eldrebustader i Os.

- Vi må byrja å planleggja bruken av tunet no når vi har kome så langt i prossessen.

Brekke håpar Lyngheim vil bli ein ny møteplass for alle i Os, frå tilfeldige turgåarar til organiserte arrangement.

- Anten om du vil prøva brødbaking i bakaromn, læra handtverk, eller berre tar ein pust i bakken og ein kopp kaffi og vaffel, her er alle velkomne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.