Gneist gav brann
Skyteøving på Ulven leir gav brann i lyngen. Flammane var under kontroll då brannvesenet kom fram.
Det er stor øvingsaktivitet på Ulven om dagen. Onsdag sto skyteøving på 200 metersbanen på planen.
– Det var stille i vêret og fuktig nede i bakken, så vi meinte det var trygt å driva øving.
– Likevel tok det fyr då det slo gneist frå skytinga, fortel øvingsleiinga.
Kontrollerte flammane
Brannen spreidde seg til eit område på størrelse med ei normal boligtomt og brannvesenet blei varsla.
– Det kom litt vind som gjorde at det flamma opp.
– Vi varsla brannvesenet og kontrollerte flammane fram til dei kom.
– Brannvesenet skal ha honnør for jobben dei gjorde då dei var på plass. Dei slo brannen raskt ned.
Ingen skadde
Grunna det høge aktivitetsnivået i militærleiren hadde forsvaret mannskap å nytta til å halde flammane under kontroll, og sanitet til å sjekka soldatar som kunne ha pusta inn røyk.
– Ingen av soldatane skal vera skadde.
– Vi kontrollerer dei som var inne og gjorde ein innsats, avsluttar øvingsleiar.