Lokal | 08. mai 2016
Gløymde å sjekka dødvinkelen
To bilar kolliderte ved Peppes søndag ettermiddag.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 08. mai 2016 19:50
Søndag i 18-19-tida kolliderte to bilar på midlertidig E39 ved Peppes Pizza i Os sentrum.
– Eg hadde vore og henta pizza og svingte ut frå lomma i det eg trudde var ei ledig luke, fortel føraren av Peugeoten.
Han gløymde å sjekka dødvinkelen, og der låg ein eldre Mercedes på veg frå Stord til Bergen.
– Ingen blei skadd. Vi ringde politiet, men dei sa at så lenge vi klarte å få bilane ut av vegen så kunne vi klara oss sjølv.
Vegen blei rydda, men ingen av bilane er køyrbar etter uhellet.