Lokal | 11. okt. 2014

Glømte handbrekket

Bil velta ved Lyssandfabrikken. Ingen blei skadd.

Glømte handbrekket
Bilen låg velta på parkeringa mellom Lyssandfabrikken og Hegglandsdalsvegen (lesarfoto: Reidar Lekven)
Andris Hamrelaurdag 11. okt. 2014 18:48

Klokka 16 laurdag ettermiddag fekk politiet melding om ein VW Golf som låg på sida ved Lyssandfabrikken.

– Den skal ha trilla utanfor ein kant og ha velta på parkeringa nedanfor.

– Det kan sjå ut som bilførar har glømt å sette på handbrekket, fortel operasjonsleiaren ved Hordaland politidistrikt.

Forsikringssak

Politiet var i kontakt med bilføraren som meinte han hadde satt på handbrekket.

– Det er ikkje mistanke om rus.

– Det var heller ikkje personskade, så dette er meir ein forsikringssak enn ein politisak, avsluttar operasjonsleiaren.

Tauebil blei rekvirert og fekk golfen på rett kjøl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.