Lokal | 03. mai 2017

Gler seg til å utvikla heimbygda

Norenesingen Halvor Hanevik er tilsett som ny prosjektsjef i Os kommune. – Os er ei bygd med stort potensiale.

Gler seg til å utvikla heimbygda
Halvor Hanevik er nytilsett prosjektsjef i Os kommune (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 03. mai 2017 14:02

Tor Inge Døsen, mangeårig prosjektsjef i Os kommune, fylte nyleg 67 år og går i løpet av året av med pensjon.

– Tor Inge kjem til å vera med litt vidare på dei mest sentrale prosjekta som Luranetunet, Liv på Øyro og hallen på Kuventræ, men det blir ei nedtrapping. Difor er eg glad for å fortelja at vi har tilsett Halvor Hanevik som ny prosjektleiar. Han hadde sin første arbeidsdag onsdag, fortel rådmann Kristian Fredrik Fotland.

Ei bygd med potensiale

Midtsiden møter den nye prosjektsjefen på eit av områda med mykje potensiale, nemleg Os hamn.

– No har ikkje eg lyst til å seie noko om kva prosjekt som blir viktigast i framtida. For meg er det viktigste no å setta meg inn i alle dei prosjekta som pågår og som allereie er porteføljen til prosjektavdelinga. Det er ei avdeling i vekst, med mange viktige oppgåver å utvikle. For meg handlar det no om å komma under huden på alt som er på gang.

– Moglegheiten til å vera med på å påvirke utviklinga av Osbygda var nettopp det som lokka med stillinga. Osbygda er ei bygd med potensiale. Det å få vera med på å utvikla den i rett retning var det som trigga.

Resultatorientert

Som forgjengaren er det, meiner Hanevik at han er av den resultatorienterte typen.

– Det er store sko eg skal fylla etter Tor Inge. Han er ein kar som får mykje til. Eg kjenner meg att i den evnen han har til å skapa resultater. Eg trur nok ikkje vi er så ulike med tanke på å vera resultatorientert, men vegen fram dit kan vera ulik.

Behovsbasert

Sjølv om den Hanevik er forsiktig med å nevna enkeltprosjekt, så er han tydeleg på ein ting. Behova for, og i, tenestene blir viktig.

– Eg har jobba mykje med behovsanalyser og gler meg til å trekkje ut kva som er behova i Os, både on-going og i framtida. Det er ei spennande oppgåve. Eg trivst i idéfasen og tek gjerne rolla som djevelens advokat for å få fram dei beste løysingane i eit prosjekt.

– Kva bakgrunn har du?

– Eg har 20 år i arbeidslivet. I fem av dei var eg headhunta til olja, men det er bygg- og anlegg eg har bakgrunnen min frå. Det starta som elektrikar før eg blei ingeniør og etterkvart prosjektleiar, som eg har vore dei siste ti åra. Eg ser på meg sjølv som ein teknokrat som i dei siste åra har spissa mine evner innafor leierskap og ser virkelig fram til å gripe fatt på denne viktige oppgava, avsluttar Hanevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.