Lokal | 14. mai 2019

Gledeleg nytt for gravide og kvinner i barsel

Varaordføraren gler seg over 440.000 kroner i støtte til den lokale jordmortenesta.

Gledeleg nytt for gravide og kvinner i barsel
Marie Elisabeth Lunde Bruarøy. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. mai 2019 12:05

Regjeringa har over år gjeve kommunane rom for å styrka helsestasjon- og skulehelsetenesta.

I perioden 2013-2017 auka antal årsverk til jordmødre med 46,2 prosent.

I Os har vi bygd opp ei nærjordmorteneste som er svært viktig for kvinner i barsel. I dei næraste dagane etter heimkomst frå kvinneklinikken, er det ein tryggleik for kvinnene og familien å kunna koma til jordmor her lokalt, og satsinga vår har vore ein suksess.

Eg vart stoppa av ei nybakt mor på Osøyro nyleg, som ville rosa oss for den fantastiske jormortenesta vi har i Os, og kunne ikkje få takka kommunen nok for det tilbodet ho hadde motteke frå jordmødrene. Slikt varmar, og det er viktig at jordmødrene får denne tilbakemeldinga.

Underteikna er svært glad for i dag å motta beskjeden om at regjeringa styrkar jordmorsatsinga ytterlegare, og gjev Os kommune ei løyving på 440.000 kroner.

Dette tilsvarar ei jordmorstilling på 60 prosent.

Dette er godt nytt for både jordmødrene som får fleire ressursar tilgjengeleg, og ikkje minst for alle dei kvinnene som får nytta seg av tilbodet med jordmor her i heimkommunen.

Marie E. L. Bruarøy
Ordførarkandidat, Bjørnafjorden Høgre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.