Lokal | 11. mars 2011

- Glad eg bur i høgda

Stor tsunami i Asia - bølgja når Hawaii om to timar: Osingen Alexander Bergo har det trygt heime i Honolulu.

- Glad eg bur i høgda
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. mars 2011 11:21

Fredag klokka 06.40 norsk tid (14.46 japansk tid) blei det registrert eit jordskjelv med ein styrke på heile 8,9 utanfor austkysten av Japan. Dette er det 5. største jordskjelvet som nokosinne er målt, og store bølgjer har allereie tatt liv og stått for omfattande øydeleggingar i både Japan og Russland.

Sjå film og oppdatert informasjon på VG.no

Er du eller nokon du kjenner frå Os i utsette område?
TIPS MIDTSIDEN PÅ EPOST ELLER SMS 90789270. Du treff oss også på Facebook.

Tsunamivarselet har gått fleire stadar rundt og i Stillehavet, blant anna på Hawaii, der osingen Alexander Bergo bur.

- Her er det full evakuering. Alarmen går kvar time og TV er på nødsending, fortel Alexander til Midtsiden.no.

Evakueringa blir organisert med bussar frå kysten og opp i høgda.

Alexander bur sjølv i høgda over byen Honolulu på øya Oahu.

- Det er eg glad for. Folk hamstrar mat og eg har fleire venar som har måtta evakuera. Eg satsar på at det ikkje blir så ille her, men det får vi vel snart svar på.

Det er natt på Hawaii no. Bølgjene er venta å råka den amerikanske delstaten i 14-tida norsk tid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.