– Glad dei ikkje konkurrerer
Håkon A E Johansen går frå Osbadet til svømmesporten si nye storstove; Helleren. – Det er ein unik sjanse, seier Johansen.
Bergen kommune er i ferd med å ferdigstilla det nye nasjonalanlegget for svømming; Helleren på Nygårdstangen.
Til å leie drifta tilsette dei i førre veke noverande dagleg leiar i Osbadet KF, Håkon Andree Egeberg Johansen.
– Eg måtte gå nokre rundar i tenkjeboksen før eg kom fram til at dette var ein sjanse eg ikkje kunne la gå frå meg.
– Eit slik anlegg blir ikkje bygd kvart år, ikkje kvart femtidande heller, for den saks skuld, seier Egeberg Johansen.
– Var ikkje lett
Egeberg Johansen, som berre har vore dagleg leiar i Osbadet i knapt eit år, fortel at det var ikkje enkelt å ta valet.
– I utgangspunktet hadde eg jo tenkt å avslutta mi yrkesaktive karriere i Osbadet.
– Opp gjennom åra har det blitt mykje reising på meg i tidlegare jobbar, så no hadde eg eigentleg tenkt å ta det meir med ro. Men slik blir det altså ikkje.
– I tillegg har Osbadet utvikla seg til ein stabil og god arbeidsplass med gode medarbeidarar og solide framtidsutsikter. Så det å skulla byta jobb no var ikkje eit enkelt val.
Ikkje konkurrentar
Den nytilsette Helleren-leiaren er tydeleg på at han ikkje går til ei konkurrerande verksemd.
– Begge er basseng, men derifrå er skilnaden stor.
– Osbadet er eit godt fungerande badeanlegg. Helleren skal bli eit nasjonalt svømme- og stupeanlegg. Eg trur difor ikkje vi kjem til å konkurrera i særleg grad.
Det nye anlegget på Nygårdstangen inneheld eit 50-meters svømmebasseng, eit 25-meterbasseng med stupeanlegg, eit opplæringsbasseng, eit aktivitetsbasseng og ein varmekulp.
– I tillegg kjem det eit tørrtreningsanlegg på om lag 1100 kvadratmeter og Amalie Skram, den nye vidaregåande skulen med 900 elevar, kor stup og svømming blir toppidrettstilbod.
– Eg håper jo å sjå att nokre av dei ivrige svømmarane vi har hatt i Osbadet som elevar på svømmelinja, seier Egeberg Johansen.
Trur på idrettsparken
Egeberg Johansen hadde gledd seg til å vera med på å utvikla Osbadet og idrettsparken på Kuventræ.
– Osbadet er, og kjem til å vera ein knallsuksess. Eg såg verkeleg fram til å vera med på å ta det vidare.
– No håpar eg berre politikarane finn midla til å realisera planane om ein idrettspark på Kuventræ.
– Etter å ha drifta Oshallen eitt år ser eg definitivt behovet for ein ny hall.
– Tenk kor mange moglegheiter det hadde gitt. Både i høve dei idrettane som allereie er her oppe, men i like stor grad for nye idrettar og aktivitetar som ikkje har tilbod i Osbygda i dag.
– I tillegg håpar eg jo at det kan bli eit senter for folkehelse og kanskje ein helsepark med fysioterapi og lignande.
– Om ein i tillegg hadde fått til ein tursti rundt Ulvenvatnet, så hadde det virkeleg blitt navet i det folkehelsearbeidet som frisklivskoordinatoren har starta på, seier ein entusiastisk Egeberg Johansen.
– Må berre akseptera det
Styreleiar for Osbadet, Tor Inge Døsen, beklagar at Egeberg Johansen vel å gje seg.
– Det var jo litt overraskande at han vel å gje seg så tidleg, men vi skal nok klara det òg.
– Ein må jo berre akseptera at folk vel å flytta på seg. Styret vil berre ønskja Håkon Andree lykke til med dei store utfordringane han har føre seg.
– Korleis blir prosessen med å tilsetja ny dagleg leiar?
– No skal vi ha styremøte på torsdag. Då vil vi beslutta korleis vi skal gå fram.
– Tidsplan og framgangsmåte er difor ikkje klart enno, seier Døsen.
Egeberg Johansen startar i den nye jobben 1. juni.