Gjorde jobben mot Gneist
Os vann mot Gneist, men var avhengige av at Stryn tapte for å gå direkte til den nye 2. divisjonen. Oppdatert: Fekk hjelpa dei trengde!
Laurdag avsluttar handballen 2. divisjon med felleskamper i Sotra Arena. Os møtte Gneist laurdag formiddag og hadde små problemer med å ta heim sigeren 26-20 mot tabellfireren.
– Vi speler ein god første omgang kor alle melder seg på og er gode, oppsummerer trenar Trond Førde Eriksen.
Fall sammen
Halvvegs i kampen leia Os med heile åtte mål, 19-11.
– I andre omgangen fell vi litt saman og er litt tilbake med til gamle synder med kjappe og litt for dårlege avslutninger. Det virker nesten som vi trur vi er ferdige med sesongen, seier Førde Eriksen.
Os-Gneist 26-20 (19-11)
Utv: Os 1x2 min, Gneist 1x2 min
Os sitt lag: Madeleine Hjertnes 4, Tonje Hjertnes 2, Emilie Halhjem, Marie Stangeland Lunde 1, Hilde Kristine Røttingen 4, Vilde Brattabø 2, Malin Fosen 2, Vilde Ingebrigsten, Silja Espelid 1, Mona Heggeland 2, Elise Hjelle 4, Tiril Grønvigh, Mia Torp Nielsen 2, Marte Øvreeide 2.
Håper på Bjørnar
Os er allereie sikra kvalifiseringsplassen til den nye nasjonale andredivisjonen, men kan klare å direkte kvalifisere seg om Bjørnar, som ligg nest sist på tabellen, slår Stryn klokka 1530 i ettermiddag.
– No krysser vi fingra for at Stryn taper. Det hadde vore greitt å kunne avslutte sesongen no og få ei pause før vi starter oppkøyringa til den neste, avslutter Førde Eriksen.
Om Stryn vinn kampen må Os ut i kvalifisering mot vinnaren av 3. divisjon. Der ligg Åsane og Dale best ann med tre kamper igjen.
Oppdatert: Os fekk hjelpa dei trengde då Bjørnar, med berre sju spelarar slo Stryn 23-22 laurdag ettermiddag.
Dermed ender Os på 7. plass og er kvalifisert for den nasjonale 2. divisjonen neste sesong. Stryn må spele kvalifisering.